Vinner Torgeir Pettersen

Vinner Torgeir Pettersen

Mens fisket er elendig på Østlandet grunnet varme, vind og tørke, trår jølstringene til med amerikanske metoder for å få folk og fisk på kroken. I helgen ble det arrangert fiskekonkurranse i Jølster; et forsøk på å gjenskape storhendelsen i 1958.

Fra fiskekonkurransen i 1958

Fra fiskekonkurransen i 1958

Den gang som nå, var hovedpremien intet mindre enn en bil! Årets arrangement ble en knallsuksess. I pressemeldingen fra arrangementskomiteen heter det:

«Torgeir Pettersen frå Øvre Årdal vann Jølster Aurefest laurdag 14.juni med å fiske 9 Jølstra-aure som vog tilsaman 2,17 kg. Til stormande jubel rygga vinnaren sjølv premien, ein flunkande ny Volvo XC70, verdt 621.000 kroner, ut av teltet der premieutdelinga føregjekk. I alt var det 708 påmelde til konkurransen, og ca 100 kontrollørar sørga for at alt gjekk rett føre seg. I litt nordavind, og med sol frå ein skyfri himmel var det nok færre som fekk fangst i det fiskerike vatnet enn om tilhøva hadde vore annleis. 117 av deltakarane fekk fisk, tilsaman 47 kilo. Tyngste fisken, raud og fin i kjøtet som Jølstraauren er,  var på heile 740 gram,  og vart fiska av han som kom på fjerdeplass i konkurransen, Atle Jan Føleide frå Sandane.På 2.plass kom Jørgen Johme Hestad frå Gaular med ein fangst på 1,62 kilo. På heimebane gjorde også Bente Seime ein sterk innsats og vart nr.3, med ein fangst på 1,43 kilo. Fleire tusen menneskje hadde teke turen til Jølster denne dagen, og fekk oppleve bygda på sitt mest praktfulle. Full sommar, men framleis med rikeleg snø på fjelltoppane

Stikkord: , ,